Presserom

Til enova.no
Følg Enova SF

80 nye elbussar – blir Bergen elbusshovudstaden i Norden?

Nyhet   •   feb 22, 2019 11:45 CET

Her på bussgarasjen på Mannsverk kjem det ladepunkt og nye elbussar (Foto: Skyss).

– Dette er ei offensiv satsing på grønt skifte og miljøvenleg transport. Då vi handsama det nye bussanbodet, løfta vi miljøprofilen betydeleg, som eit naturleg framhald av fergeanboda. For dei styrande partia i Hordaland er dette svært viktig, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at Enova gjev 36 millionar kroner til elektrifisering av bussar i Bergen.

Med det nye anbodet skal batteridrivne bussar kvart år køyre minst 3,5 millionar kilometer av busstransporten i Bergen, ein avstand som svarer til 87 rundar rundt jorda. Det vil truleg trengast rundt 80 elbussar for å gjere jobben. For å gjere dette mogleg har fylkeskommunen no fått 36 millionar kroner i stønad frå Enova til å etablere rundt 80 ladepunkt og opptil 8 pantografar for hurtiglading på bussdepotet på Mannsverk.

– Prosjektet vil truleg vere det det største enkeltinnkjøpet av elektriske bussar i Norden til no, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Enova jobbar med Noreg si omstilling til lågutsleppssamfunnet, og meiner at elektrifisering av kollektivtransporten er ei av dei endringane ein må gjere for å kome dit:

– Det finst rundt 16 000 bussar i Noreg i dag, og svært få av dei er elektriske. For å få til eit skifte er det viktig at nokon går føre og prøver ut elbussar i stor skala og viser at dette fungerer i praksis. Her kan Bergen bli eit nasjonalt utstillingsvindauge, seier Enova-sjefen.

Går i bresjen

– At Hordaland no får støtte til elektriske bussar vil vere eit stort løft i arbeidet for å betre lokal luftkvalitet, styrke kollektivtilbodet og samstundes få ned klimagassutsleppa. Hordaland fylkeskommune har verkeleg gått i bresjen for elektrisk transport, både på sjø og land, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) og fortset:

– Regjeringa er opptatt av å få til ein rask og omfattande omstilling til reinare transport. Då er det heilt naudsynt at nokon er tidleg ute og viser at det fins gode, grønare alternativ. Det er gledeleg at Enova bidreg med økonomisk støtte når Hordaland fylkeskommune viser så stort pågangsmot og vilje til omstilling.

Meiner alvor

Med dette prosjektet fortset fylkeskommunen og Enova det gode samarbeidet om transportløysingar for framtida.

– Vi har hatt gleda av å vere med Hordaland fylkeskommune på å realisere både ei rekkje elektriske ferjer og moderne trolleybussar. Med å leggje til rette for lading av 80 nye elbussar understrekar fylket at dei meiner alvor med å elektrifisere transporttilbodet, seier Nakstad i Enova.

Oppstarten for dei nye elbussane blir i desember 2020.

Kontaktpersonar:
Fylkesordførar Anne Gine Hestetun, tlf. 995 64 643
Direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø, tlf. 916 53 176
Adm.dir. i Enova, Nils Kristian Nakstad, tlf. 906 04 334

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks <a href="http://presse.enova.no/no/about/terms-and-conditions/privacy_policy">Personvernerklæring</a>.