Presserom

Til enova.no
Følg Enova SF

30 nye Enova-millionar til ferjer på Sunnmøre

Nyhet   •   des 21, 2017 13:06 CET

Eidsdal ferjekai (Foto: Kai Bedringås, Møre og Romsdal fylkeskommune).

Møre og Romsdal fylkeskommune fortsett elektrifiseringa av ferjetrafikken. No står ferjesamband i Indre Sunnmøre for tur. Enova bidreg med inntil 30 millionar kroner.

– Ny teknologi i neste generasjons ferjer kan kutte store utslepp. Ferjesamband egnar seg godt til elektrifisering, og vi ser at ferjeprosjekta også driv utviklinga framover i maritim sektor generelt, seier marknadsdirektør Øyvind Leistad i Enova.

Strengare miljøkrav

Enova har gitt Møre og Romsdal fylkeskommune tilsegn om inntil 30 millionar kroner til infrastruktur for å lade ferjene ved kai. Støtta gjer at fylkeskommunen kan stille strengare miljøkrav mellom anna når ferjesambanda Stranda–Liabygda og Eidsdal–Linge no skal lysast ut på anbod.

– Vi er svært fornøgd med eit positivt tilsegn frå Enova. For å realisere gode miljøløysingar på ferjedrifta, er vi heilt avhengig av gode støtteordningar. Dette reduserer meirkostnaden som fylkeskommunen får ved å stille strenge miljøkrav. Vi ser frå tidlegare tildelingar frå Enova at vi oppnår store forbetringar for miljøet, seier Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tydelege signal

Fordi sambanda er svært energikrevjande og liggetida ved kai er rundt 3–4 minutt, blir det behov for ein svært effektiv ladeteknologi. Teknologien har allereie utvikla seg betydeleg gjennom dei tidligare ferjeanboda, og Enova meiner Noregs verdsleiande maritime næring har føresetnader til å drive teknologiutviklinga framover, og at prosjekt som dette spelar ei viktig rolle:

– For å få fleire leverandørar på banen og bygge denne marknaden, er det viktig med tydelege signal frå myndigheiter og oppdragsgivarar om at elektrifisering er vegen framover. Derfor er vi glade for at Møre og Romsdal fylkeskommune fortsett med dei høge ambisjonane sine, seier Leistad i Enova.

Han fortel vidare at Enova no har gitt tilsegn om inntil 558 millionar til elektrifisering av i alt 28 ferjesamband i Møre og Romsdal, Hordaland og Sør-Trøndelag.

Sambanda som no har fått støtte, er to av fire i «Indre Sunnmørspakken» som har oppstart i januar 2020.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy